SORGARBEID (utdrag)


I

eg opner auga

eg sitt i eit rom som likner på dette

utanfor togvindauget finns det skog

straumledningar

eit flatt landskap
















er dette eit anna land?

er vi i eit anna land?

er vi ikkje i eit anna land?

var det ein åker?

var dei ein veg?

var det eit hus?




alt fyk forbi



















var det eit menneske?

















er det eit land her?

bur det folk her?

er det folketomt?

og fuglar?

bur det fuglar her?

bur det berre fuglar her?

bur det hestar her?

bur det ikkje hestar her?

bur det fisk her ?

bur det fisk i vatnet og i sjøen her?

og fugl i lufta og skogen her?






bur du her?







bur du her?




eg har spikka desse pinnene
eg har tend denne fakkelen
eg har hogd ut holer i fjellet
eg har svømd til det djupaste djupet
eg har klatra til den høgaste toppen

utanfor er alt smått, det rasar, vi forvitrar
eg hev vøri meg oppe med sky og ned att til havsens grunde 

alt for å finne deg, finne deg, finne deg
alt for å finne deg, finne deg, finne deg
alt for å finne deg, finne deg, finne deg
















II



lyden av sola som står opp




av små føter i gangen




av pang du er død









III


Det klukkar under jorda.


Forbi slettene, gjennom skogen,
til fjellet, hamrande, hamrande,
gjennom fjell
gjennom fjell
gjennom berg, stein,
til den andre sida
eg står på ei grasslette
kyr, sauar, griser rundt om kring
eg høyrer vatn, men ser det inkje
elvar og bekkar under jorda.


Det klukkar. Det lokkar.
Det må vente. Det må vente.
Eg vil ned, men det må vente. Eg kan ikkje gje meg.
Eg skal ikkje snu meg. Eg må vidare. 


Kryssar ein sump. Sankar eit tre med øksa.
Spikkar ein pinne. Spikkar eit sverd. Spikkar ein spade.
Sola er over meg. Om ni minutt går den ned.

Eg traskar vidare.
Det er berre å gå rett fram.
Det er berre halde fram.
Det er berre å halde ut.
Eg må ut av dette. Eg må ut av dette.

I nakken kjenner eg ein pust. Er det din pust?

I horisonten ser eg dødsrikefjell. Høge toppar, tinder og kilometerhøge fossefall.
















II



sjå på oss

alt er eit kaos

dei to gutane har omøblert stova

sofaputene ligg på golvet

eg må vere troll




og du ligg på sjukehuset død

eg har nett sagt det til dei

eg har fortalt alt

dei forstår ingenting




og snart skal søstra mi kome

og snart skal eg ta drosje til Riksen

stå på rommet som vart ditt

hamre nevane i brystet på deg

lene meg inntil veggen










IV




NEI

NEI

ADSF

LJWØ

LFK-

JASD

ØFL-

KJASD

FREW

DET

GPRÅ

ASDF

LATO

FR

FOPRT

FRO

RASD

KFJ

PENG

OG

STILLE

EG

GJEKK

MEG

OVER

ALT

ER

EOVER

ALT

ER

EOVER

ALT

ALAL

ALAL

ALAL

ALÆA

SKLD

JGIO

ØAWR

UT -

AWKJ

FÆPA

WOØD

SLFKM

EWLK

KPLEASE

PLEASE

PLEAS

EGODPLQ

ER

ASLKD

FJHELP!

LØAKS

DJF

ÆAØOL

SJFMA

JØALDKF

ASFAS

DJFALT

AØLKA

JSDF

ALT

ER

OVER

ALT

ER

OVER

ALT

ER

OVER

GAME

OVER

GAME

OVER

ALT

ER

OVER

ARØELKRREGN

ERSOL







KELMER

KLEM@

KAKSDJF

ØLLFKLØA

JSDNFKLKLVE

-KJAEG GJEKK VEGADK.JM-AK.D,JF A!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

V



opp heisen
gjennom korridoren
folk i grøne drakter
og i enden av den lange korridoren
ei dør
forbi ei dør
forbi ei dør til
og endå ei dør
og ei til
så sitt vi oss ned
utanfor det rommet
som vart ditt

hender som slår/trykker mot i brystkassa
å lene seg inntil veggen
og så
sjå ut vindauget
eit tre
i ein vind
i eit regn som fell

mot ein bakke
mot ei jord

som vaskast bort under føtene dine


---

for mange nok år sidan var dette hav
























VI





lyset frå trekronene

treff graset

skogbotnen

avtrykk av kranium i sand

tang over

munn inntil glas i kveldslys

familie rundt spisebord av bjørk

hender som heldt/klamrar seg fast til bordplata

ein storm, så stille

trer som fell og ei treskute

å la seg falle

å la seg søkke til botnen

å la seg finne

(om hundre år er allting gløymt)

av ein dykkar med lykt eller

ein barnemunn eller

eit kranium inntil glas eller

solstrålene inn vindauget halv seks om kvelden

avtrykket av deg åtte år tidlegare i ein sofa

lyset som treff glasset, vatnet, blendar skjellettet

ein storm i ein skog og så stille

ein storm i ein skog i vatnet

vi forlis

vi forlis, sa du

forlis vi, spurte eg

ja, vi søkk

og ingenting kan stoppe oss

det er jo forferdeleg

ja

det er ikkje til å tru

det er ikkje til å tru