eg har spikka desse pinnene
eg har tend denne fakkelen
eg har hogd ut holer i fjellet
eg har svømd til det djupaste djupet
eg har klatra til den høgaste toppen

utanfor er alt smått, det rasar, vi forvitrar
eg hev vøri meg oppe med sky og ned att til havsens grunde

alt for å finne deg, finne deg, finne deg
alt for å finne deg, finne deg, finne deg
alt for å finne deg, finne deg, finne deg












II



sjå på oss

alt er eit kaos

dei to gutane har omøblert stova

sofaputene ligg på golvet

eg må vere troll




og du ligg på sjukehuset død

eg har nett sagt det til dei

eg har fortalt alt

dei forstår ingenting




og snart skal søstra mi kome

og snart skal eg ta drosje til Riksen

stå på rommet som vart ditt

hamre nevane i brystet på deg

lene meg inntil veggen










III


Det klukkar under jorda.


Forbi slettene, gjennom skogen,
til fjellet, hamrande, hamrande,
gjennom fjell
gjennom fjell
gjennom berg, stein,
til den andre sida
eg står på ei grasslette
kyr, sauar, griser rundt om kring
eg høyrer vatn, men ser det inkje
elvar og bekkar under jorda.


Det klukkar. Det lokkar.
Det må vente. Det må vente.
Eg vil ned, men det må vente. Eg kan ikkje gje meg.
Eg skal ikkje snu meg. Eg må vidare.


Kryssar ein sump. Sankar eit tre med øksa.
Spikkar ein pinne. Spikkar eit sverd. Spikkar ein spade.
Sola er over meg. Om ni minutt går den ned.

Eg traskar vidare.
Det er berre å gå rett fram.
Det er berre halde fram.
Det er berre å halde ut.
Eg må ut av dette. Eg må ut av dette.

I nakken kjenner eg ein pust. Er det din pust?

I horisonten ser eg dødsrikefjell. Høge toppar, tinder og kilometerhøge fossefall.