Regi
Scenetekst

LIVE - SORGARBEID

 



lyset frå trekronene

treff graset

skogbotnen

avtrykk av kranium i sand

tang over

munn inntil glas i kveldslys

familie rundt spisebord
av bjørk

hender som heldt/klamrar seg fast til bordplata

ein storm, så stille

trer som fell og ei treskute

å la seg falle

å la seg søkke til botnen

å la seg finne

(om hundre år er allting gløymt)

av ein dykkar med lykt eller

ein barnemunn eller

eit kranium inntil glas eller

solstrålene inn vindauget halv seks om kvelden

avtrykket av deg åtte år tidlegare i ein sofa

lyset som treff glasset, vatnet, blendar skjellettet

ein storm i ein skog,
så stille

ein storm i ein skog i vatnet


vi forlis

vi forlis, sa du

forlis vi, spurte eg

ja, vi søkk

og ingenting kan stoppe oss

det er jo forferdeleg

ja

det er ikkje til å tru

det er ikkje til å tru

















Premiere 16. november 2016
Black Box Teater, Oslo

Regi og tekst: Eirik Fauske. Scenografi/objekter: Signe Becker og Kjersti Alm Eriksen. Musikk: Camilla Vatne Barratt-Due. Lys: Tilo Hahn. Dramaturg: Marit Grimstad Eggen.

Verkstad: Anders Hamre, Atle Martin, Anne-Sigrid Hveem

Støtta av: Kulturrådet.
Co-produsent: Black Box teater.
Tekstutviklingsstøtte: Dramatikkens hus og Kulturrådet.


Foto: Istvan Virag (1, 4), Signe Becker (2, 3, 5)