EIN RYTTAR NÆRMAR SEG
PERSON
ein ryttar nærmar seg
PERSON
ei støvsky med ein ryttar nærmar seg
PERSON
ein horisont med ei støvsky med ein ryttar nærmar seg
PERSON
ein utruleg flat horisont 
av asfalt eller av præriegras 
med ei støvsky av støv eller småstein og rusk
eller ei regnsky over ein ryttar
eller ein horisont med eit kavaleri 
nærmar seg