GULLALÐURIR





Dei siste 40 000 åra gjekk berre så altfor fort. Kva var det eigentleg som skjedde? Sceneteksten ”Gullalðurir” speglar eit slags kollektivt minne; den totale menneskehistoria komprimert ned til små naturmetaforar, genesisreferanser, ursuppeskildringar, kvasiislandsk og tvungne gjentakingar. Som om alle tider er samla i dette sekund, og skin gjennom i dei mest daglegdagse situasjonar.

Last ned manus (pdf)
























GULLALÐURIR / SC. 07-09


MORA
og bror din sa:

BROREN
“Eg har aldri sett nokon ete så mykje bollar”

JENTA
Ja

MORA
Og tanta di sa:

TANTA
“Eg har aldri sett nokon ete så mykje bollar”

JENTA
Ja

FAR
Og fardin sa:

MORA
ja, fardin

(Stakkars, hadde ein uhelbredeleg muskelsjukdom, han døydde av kreft)

og tanta di sa:

TANTA
tenk kor tungvint vi hadde det før

då vi laga bollar i steinurrøysa

då vi hente jern frå myra

då vi budde i jordholer i skogen og i i i

BROREN
Tenk kor tungvint det var hæ håh!

då vi sprang over isen frå Englandur

kvinnene føda i vinterkulda

vi døydde der, nyfødde, nyfrosne, sank sank sank, under isen, kaldt kaldt, gjennom sjøen, til havbotnen og fjella, til organismane

ja, langt der nede og oppatt
over isen
til skogen til plantane til til til

FAREN
Ja,
tenk kor tungvint det var hæ håh!
eg kunne springe etter ein hjort
i vekesvis vekesvis,
og då eg kasta spjotet,

flog flog spjot spjotur flog flog

ALLE
Flog spjotur!
Flog flog spjot!
Flog!

FAREN
flog flog spjot spjotur flog flog

ALLE
Flog spjotur!
Flog flog spjot!
Flog!

FAREN
Og hjorten si sjel kvein Kviiiiiiiiiiiin!

Vi åt år, etter år, etter år, etter år

hugsar du det, sonen min, du du du

SONEN
Eg var atten år då då dådå
tårone rann i straumar
i fossefalli v-dalor

Snuppelupp upp upp upp

MORA
og kusina di sa:

KUSINA
tenk kor vondt vi hadde det førdå vi sat på fyrstikkfabrikkenunder glødelampane, kaldt, med rotne kjever og innvollane taut ut av magen og løyste seg opp i jorda og for alltid alltid alltid alltid

MORA
eg hugsar den gongen du spiste så mykje bollar vi var på besøk til tanta di i i i

GAMLINGEN
Jenta mi, jenta vår er vaken

(Gamlingen tuslar aleine over skogbotnen)

ALLE
Til tanta di i i
jo det var i
i i i
Kor var det det var?
var det her det var?
i i i i i i i
jo det var i i
kor var det i i i
jo, det var
i i i
eg har det på tunga
håh håh
i i i i
Du åt i hvertfall mykje













Urframført Teaterhuset Avant Garden 2009

Med
Jonas Delerud, Tov Sletta,  Terese Vangstad

Melding i Trøndeavisa (pdf)