UNDER BARNEHAGEN

Under Barnehagen handlar for eksempel om det pittelille fuglebarnet som kræsja inn i ein barnehage, brakk nebbet, falt til bakken og døydde. Og om kvalen og giraffen som svømmar til og frå Afrika. Om klatretreet som rotnar, og om gravemaskina som grev seg nedover og nedover og bortover.

Er alt under barnehagen dødt?

Teksten vart nominert til Ibsenprisen 2011.
Urpremiere Dramatikkens hus 2010.


Last ned manus (pdf)


















UNDER BARNEHAGEN / SC. 5 / UTDRAG



FUGLEBARNET

det var min første flygetur
eg satt i treet mitt
så kom ein vind
og eg flaug
eg flaug ut av treet mitt
ut av skogen
og inn i byen
eg flaug mellom bygningane
nedover gatene

eg flaksa og flaksa og flaksa
vinden var sterk
men eg svevde med vinden

iiiiiii !!!!

PANG!

eg flaug ikkje lenger
(ler )
eg oppdaga at eg ikkje flaksa lenger
(ler)
eg var ikkje i lufta
(ler)
men på bakken!
eg låg på bakken!
under eit vindu
(ler)

Eg hadde flydd rett inn i eit vindu!
og no låg eg på bakken
utanfor ein barnehage
eg låg sånn
og det var blod OVERALT!
eg blødde frå nasa og nebbet og tenna og henda og føtene og det gjorde så vondt så vondt, det gjorde så jævla vondt

(grin)

mamma!
pappa!

FAEN!

huset drepte meg, tenkte eg.
huset drepte meg!

eg ropte til huset:

eg er berre eit fuglebarn!
eg er berre eit fulgebarn!

drittbarnehage!

du drepte meg og no ligg eg sånn her med nebbet mitt!

PANG!
















Unterm Kindergarten på Staatstheater Mainz 2018.
Regi: Grete Pagan. Med: Mark Ortel, Rebbekka Gebert, og Paulina Alpen.
Foto: Andreas Etter








Unterm Kindergarten på Schauburg i München 2019.
Regi: Katharina Mayrhofer. Scenografi og kostymer: Fiona von Bose.
Med:Simone Oswald og Anne Bontemps.
Foto: Fabian Frinzel.








Unterm Kindergarten på Junges Schauspiel, D’Haus, Düsseldorf 2016.
Regi, scenografi, kostymer: Jan Friedrich.
Med:Julia Dillmann, Kilian Ponert.
Foto: Sebastian Hoppe.






Tysk urpremiere.
Unterm Kindergarten på Teaterhaus Frankfurt, Theaterhaus Ensemble, 2016.
Regi: Rob Vriens. Konsept og skodespelarar: Michael Meyer, Günther Henne.
Foto: Katrin Schander.










Urpremiere Dramatikkens hus 2010
Regi: Anne Mali Sæther

Med Jonas Delerud og Morten Olaussen